Læring i Næring kjem til Vaksdal
Vaksdal Næringsselskap og Dale skule skal samarbeide om å få ungdomsskule-elevar ut i arbeid.
Målet er å auka kunnskapen om arbeidslivet i Vaksdal og inspirera fleire til å sjå moglegheitene som finst lokalt.
Foto: VaksdalPosten
Prosjektet starta første gong hjå Ryfylke Næringshage, for å gje ungdomsskule-elevane ein smakebit på det ekte arbeidslivet.
Her skal ungdommane søka jobb hjå utvalde bedrifter, dei skal legge ved CV, gjennomføra intervju og takla eventuelle avslag, eller oppleve gleden av å få eit “ja” frå bedrifta.
Jobben vert utført i vinterferien og i haustferien, og elevane vil motta løn for arbeidet.
Dette er eit svært spennande prosjekt som gjer elevane ein kjempefordel inn mot arbeidslivet og vil hjelpa dei til å gå vidare på riktig veg på videregåande skule.
For bedriftene er dette ei svært billig investering i potensiell arbeidskraft, med gode utsikter for både sommarjobb og eventuell læreplass i framtida.
I Vaksdal vil dette gjelde 9.klasse frå vinterferien 2027.
Driv du ei bedrift som ynskjer å vera med?
Ta kontakt med meg på 47651121 eller på info@vnsas.no